Tar analoge (og pittelitt digitale) bilder, lærer å drikke kaffi og smiler av livet. Trykk her om du vil lese meir.
Alle bildene er
© Johanne Karlsrud
(med mindre noko anna er oppgitt)
Kontakt: uziwamagitaa@gmail.com
I dag har eg svinga meg i sognebunad og ledd ekstra mykje saman med ein trønder i hardangerbunad og delt ut premiegodteri til alle som deltok i sekkeløp saman med fine i raude russebukser. (eg ville helst ha bunad i dag sjølv om eg har raude bukser (les: russedress, ikkje russebukse) eg og.)
Hipp hipp, og håpar alle hadde ein strålande nasjonaldag! No skal eg fylle opp ein ny vårfilm og bloggen blir stille til eg har framkalla den.
(Eg er glad de likar forelskabloggar, fordi eg klarer ikkje slutte å vere det likevel.)
Ein plass midt mellom draum og verkeligheit. Var det tysdag den femte eller måndag den tjuende? Du har gløymd det fordi det ikkje har noko å seie. Dagar smeltar saman med lyse netter og solnedgangar i gull. Soloppgangar i bronse. Tida er lett som luft, og sterkare enn tyngdekrafta. Kryp tett inntil kvarandre når brisen blir for kald for korte skjørt og bare skuldre. Held hender. Rullar seg inn i ulltepper. Fniser av historiar frå liknande netter. Netter som tilhøyrer ein annan sumar. Bestevenner blir endå meir bestevenner. Kjærastar blir endå meir kjærastar.
Fordi det er tid til det.
Gløymer litt korleis det er. Du blir barn igjen, oppdager verda på ny. Oppdager kvarandre på ny. Utan sokkar i skorne eller kanskje utan skor i det heile. Klokka ligg igjen heime. Tid er relativt uansett. Av og til er eit kvarter ein time. Av og til tre sekundar. Klokka teller feil.
Takka være supre Tine Katrine har eg no ein Pinterest-profil der eg kan pinne alt eg kjem over i den store internettverda. Om det dukkar opp eit fint bilde eller ein god idé eg vil ta vare på er det berre å trykke på ‘pin it’, så er det lagra ein annan plass enn i mitt litt for gløymske hovud.
Eg har ikkje så mange å følgje endå, så om du har pinterest kan du legge igjen brukarnamn så eg kan følgje og få fleire fine bilder og gode idéar. Eller om du ikkje har og har lyst på kan du legge igjen epost så kan eg sende invitasjon. (foreløpig må ein ha invitasjon for å bli med.)
(alle bilder er lenka til kjelde)
Eit stort lukkeleg ps: Grunnen til at eg pinnar Berner Sennen-hvalpar er fordi me skal få hund igjen, om tre veker henter me ein liten som kjem til å bli ganske stor, og eg gler meg så eg døyr. Eg er og blir eit hundemenneske.
(Om å vere forelska. Eg tenkjer pittelitt på andre ting i løpet av ein dag også. Tenkte eg skulle nevne det. Eg skal prøve å ikkje berre vere forelskabloggar.)
07:01
Tenkjer at om du var her og holdt rundt meg no skulle eg berre sove vidare og ikkje gjere noko anna heile dagen.
07:23
Tenkjer at om du var her no hadde eg orka å lage pannekaker til frukost.
08:05
Eg henter bøker i skapet og eg tenkjer at dei er tyngre enn dei pleier. Når eg snur meg smiler og vinkar dei i enden av gangen og eg tenkjer at det gjer ikkje noko at bøkene er tunge eigentleg.
11:09
Sola skin gjennom vindauget og eg tenkjer på den gongen me åt is på brygga.
11:20
Me snakkar om deg i sola og alle er einige om at me er bra. Me to.
14:40
Eg kjøper snop, kjøper favorittane dine som eg eigentleg ikkje likte før men som har blitt favorittane mine óg.
19:16
Eg dansar og ler og tenkjer at så gøy det hadde vore om du var her og dansa med meg.
23:59
Eg sovnar og prøver å hugse godt nok korleis det eigentleg kjennes når du held rundt meg og pustar meg i nakken.
Ting går i eitt, overlappar kvarandre, stoppar ikkje sjølv om eg treng pause. Plutseleg treng eg ikkje pause lengre. Eg klarer det.
Lurer på om du framleis lengtar. Kven tenkjer du på når du stryk meg over håret, kan du nokongong gløyme noko som ein gnog var så sterkt? Kan eg nokongong fylle ein plass som ikkje alltid har vore min, går det an å bytte ut og ikkje sakne?
Eg spør ikkje fordi eg er redd for svaret.
Eg er ikkje redd meir. Å vere redd hjelper ikkje, å bekymre seg hjelper ikkje. Kvifor skal eg ikkje vere tvers gjennom glad, forelska, smilande, spent, håpande, elskande, sikker? Fordi ting går jo bra. Eller så går det over.
«To apologize for feelings is a silly thing. One should apologize for behavior that’s unkind or cruel, snobbish, that looks down on people, thats superior, one should always apologize for that kind of thing. But to apologize for how one loves, that’s crazy.» (Stephen Fry)
Pentax-kameraet mitt føler seg ikkje bra. Trettiseks fine vårminner blei vaska ut til korn og ingenting. Eg skal få fiksa det, men rullen med vårminner får eg ikkje redda. Det er analog fotos mørke side; når filmen er øyderlagd er alt borte.
Eg hadde gleda meg sånn fordi eg visste at den skjulte bilder eg ville vere ordentleg fornøyd med. Det er eigentleg berre ferdor det er trist.
Men eg har eg dei lagra i hjartet. Sånn tilfelle. Og skal snart skape nye vårminner på ein annan rull.
(bildene er frå den øyderlagde rullen)
Det finnes eit rom mørkare enn alle andre, som luktar rart av kjemikaliar og bugnar over av papir og flasker og målebeger. Favorittrommet mitt i heile huset. Pittelite men plass til så mykje spenning og glede.
Eg vart så glad når så mange ville sjå mørkerommet mitt. Det er liten plass og (logisk nok) dårleg lys der, men eg har gjort mitt beste for å ta okai bilder.
Framkallingstank for film.
Kjemikalie og forstørrar til bildeframkalling.
Det er her kjemikalie og svarte rullar kjem saman i mørkret og blir til fryste augneblink på rad. Brent over på eit ark og i eit svakt raudt lys frå hylla badar ark i vatn som luktar rart og blir til minner. Kjenner meg som verdas største magikar kvar gong.
Det er mai, sol og nyinnlevert filmrull som eg ikkje kan vente med å sjå. Det er lettare å puste, lettare å smile, lettare å lage middag, lettare å rydde. Når du ser at det nyttar å gjere noko, at vinteren endeleg har sluppe taket, så blir allting så mykje lettare.
Spørsmål: Eg vurderer å lage ein slags FAQ-meny der ein kan klikke på for eksempel «kamera» og lese om dei forskjellige kamera mine. Eller «analogt» så kan ein lese om ting eg tenkjer på når eg driv med analogt. Det er isåfall ein del arbeid, så gjer det ikkje om det er null interresse.





(Bilder frå før-russefest der me alle kledde oss ut som noko på P. Eg var pinne)
I går vart eg russ, døpt 1881 fordi «man kan spørje meg om omtrent alt og få svar». I dag skal eg danse endå meir og vere glad fordi det er ordentleg fredag og ordentleg langhelg.
GOD FREDAG!